mandag 22. oktober 2012

Sunne vårrullar

 For å få vårrullane til å passa inn i bloggen her, så kan eg sei at om dei ikkje er søte, så er dei til mine søte små...
Varianten eg har laga her, er utan kjøt. Men det er ingenting i vegen å berre bruka litt kyllingkjøtdeig saman i grønsakblandinga.
Filodeig kjøpar eg i asiatiske butikkar ; dei ligg i frysedisken. Tin pakken i ein liten time, og lag fyllet medan du ventar. Eg brukar finsnitta kinakål, raspa gulerot, hakka purre, samanpiska egg og krydder etter ønskje, f.eks pepper, salt, kvitlauk, nigellafrø...
 
Rull saman pakkane, og legg dei på steikebrett med bakepapir. Når du er ferdig å 'pakka', pensler du rullane med raps- eller solsikkeolje.
Vårrullane steikes midt i ovnen ved 200 grader i ca ein halv time.
Sursøt chilisaus smakar godt til...

Siri

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar