Viser innlegg med etiketten Glutenfri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Glutenfri. Vis alle innlegg

mandag 25. mars 2013

Påskeglad Yoghurtkake

009

‘Alltid ein vinnar’-kaka Yoghurtkake har fått ein glad påskefarge og smak.

Bytt ut bringebærgelè med appelsingelè, og vips ~ GOD ♥ PÅSKE

 

 

 

 

 

 

 

010

♥ PÅSKEBAMSE ♥

lørdag 2. februar 2013

Havresuppe

 

012Denne suppa fekk me servert på barselavdelinga då eg fekk mine eldste gutar, og det er nok mange som har eit eller anna forhold til denne suppa.

Eg fekk lyst å koka havresuppe etter å ha funne boka ; MATLÆRE – kokebok for barne- og framhalsskolen (frå 1956) på Fretex.

009

 

Havregrynssuppe;

1-1,5 dl havregryn (lettkokte)

1 l vatn

3/4 dl søt saft

sukker etter smak

*Kok vatn og havregryn i ca 10 minutt. Ha saften i suppa når gryna er møre, og suppa er jevn. Ha i sukker.

onsdag 30. januar 2013

Skumkake…

 

004

 

…eller som me sa då me var barn - ‘Dinsekake’

Dette var høgdepunktet i mange barneselskap, og etter mange år i gløymeboka her i huset, så fortjener kaka ein ‘ny vår’.

Du treng;

4 eggekviter

3,5 dl sukker

1 ts vaniljesukker

6 plater gelatin

1 dl kokande vatn

evt. litt matfarge

Glasur;

sjokoladekrem + kokosmasse

 

*Legg gelatinen i kaldt vatn i ca 5 minutt. Pisk eggekvitene stive, og bland i sukker og vaniljesukker, litt om gongen. Smelt gelatinen i det kokande vatnet. Rør den ut i eggekvitene, og visp massen i ca 5 minutt. Ha eventuelt i matfarge etter ynskje. Her har eg i litt grøn konditorfarge.

Dryss kokosmasse i botnen av ei rund kakeform og ha massen i. Sett kaka kjølig og la stivne. Tøm glasuren over kaka – eg har berre brukt sjokoladesaus her, men bruk gjerne smelta sjokolade.

lørdag 15. desember 2012

Sjokoladekyss

 

I dag har eg bakt 'sjokoladekyss', som er yngstemann sin favoritt.


Om det skulle frista er oppskrifta slik;


4 eggekviter

125 g sukker

75 g melis

75 g sukker

1-2 ss kakao


Pisk kvitene nesten stive. Tilset 125 g sukker gradvis og pisk til det er stivt og blankt. Bland melis med resten av sukkeret og kakaoen og sikt over kvitene. Vend det forsiktig inn.

Ha i sprøytepose og lag små topper.


Steikes ved 100 grader i 1 time.


Siri

søndag 25. november 2012

Fruktkonfekt

 Enklare konfekt enn dette finnes vel ikkje?!
 
Smelt 50 gr kokesjokolade
saman med 1,5 ss fløte
 
*Dypp svisker og aprikoser i sjokoladen og så i kokos. La stivne.
Du får ca 10 av kvar sort.
 
 Eg har pakka dei inn i cellofan, og som du ser på biletet under, har eg lagt dei oppi ein tom blikkboks. Dette er ei enkel vertinnegåve no før jul.
Eit lite juleklistremerke på boksen.
Denne konfekten held seg best kjøleg, ved 10-15 grader. Då opp mot 30-40 dagar.
 
Siri

onsdag 21. november 2012

Gamaldagse kokosmakronar

 Desse kokosmakronane er ein sikker vinnar om du likar kokos. Dei er seige og gode, og i tillegg er dei glutenfrie.. Litt arbeid, men garantert verdt det!
Oppskrifta kjem her ;

4 eggekviter
2 dl sukker
4 dl kokosmasse

Eggekvitene stivpiskes, sukkeret tilsettes og piskes ei stund til. Bland i kokosen. Ha alt i ei kasserolle, som settes over middels varme. Rør i massen til den er samanhengande og seig.
Sett kakene med 2 teskeier på bakepapirkledd steikeplate, og steik kakene gyldne. Du får ca 50 kaker.
Steikes ved 180 grader i 10-15 minut.

Siri

tirsdag 20. november 2012

Peppermyntekuler

 Den søte juletid nærmar seg, og då passar det godt å skrive nokre oppskrifter på enkel, men supergod, konfekt.
Her ~ Peppermyntekuler
250 gr melis
1 eggekvite
1 ts vatn
2 dråpar peppermynte

I tillegg treng du smelta sjokolade og kokos.

*Bland saman melis, eggekvite, vatn og peppermynte til ein deig.
Trill små kuler, eller små stenger om du heller ynskjer det. Legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett. La dei få tørke litt.
Smelt sjokolade, og ha kokos i ei skål. Dypp kulene i sjokoladen og så i kokosen, og legg dei på brettet og set dei kaldt. Om du ikkje er så glad i kokos, går det heilt fint å sløyfa den. Dei held seg lengst om dei står kjøleg, men ikkje i kjøleskåpet.
Nyyyt!

Siri