‘Alltid ein vinnar’-kaka Yoghurtkake har fått ein glad påskefarge og smak.
Bytt ut bringebærgelè med appelsingelè, og vips ~ GOD ♥ PÅSKE
♥ PÅSKEBAMSE ♥
Kaker Desserter Småkaker Konfekt Gjærbakst
‘Alltid ein vinnar’-kaka Yoghurtkake har fått ein glad påskefarge og smak.
Bytt ut bringebærgelè med appelsingelè, og vips ~ GOD ♥ PÅSKE
♥ PÅSKEBAMSE ♥
Denne oppskrifta har eg fått frå ei kusine, som tok den med frå USA. Ypperleg, i og med at den er til 12 cookies, og fort gjort å baka om ein skal ha besøk, eller vil ha med på tur.
Til 12 cookies treng du;
125 gr smør
100 gr sukker
1 egg
140 gr kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
1 klype salt
100 gr mørk kokesjokolade, grovhakka
75 gr mandelflak
*Smelt smøret og avkjøl. Bland smør og sukker godt. Tilset egg og rør til ein jamn deig.
Tilset kveitemjøl, bakepulver og salt. Bland sjokolade og mandlar i deigen.
Set omnen på 175 grader. Fordel 12 kaker med skje på bakepapirkledd plate. Steikes midt i omnen i 15 minutt. Avkjøl på rist.
Heimelaga knekkebrød er ekstra gode. Desse er grove, med mykje gode frø i. Kor mange knekkebrød du får ut av oppskrifta kjem an på kor store du vil ha dei. Eg skar kvart brett i 4x4 ruter.
Steikes i varmluft ved 150-160 grader.
2 dl sammalt kveite, grov
2 dl lettkokte havregryn
2 dl havrekli
2 dl gresskarfrø
2 dl solsikkekjerner
1 dl linfrø
1 dl kruskakli
2 ts salt
6,5 dl vatn
*Bland alt og la det stå i 10 minutt.
Fordel røra på 3 steikebrett og smør røra jamt utover.
Sett i steikeomn i 10 minutt, og ta ut for å skjære stykkjer.
Steik videre i 50 minutt.
Dette er ei kake som vil gjere suksess uansett kva anledning den vert servert. Nydeleg gjærbakst med seig topping.
Deigen krev berre ei heving, så den er rimeleg kjapp å bake også.
Oppskrifta er til ei lita langpanne.
3 dl mjølk lunkes og 1 pakke fersk gjær røres ut. Tilset 1 ss sukker, 125 gr mjukt smør og 2 egg. Til slutt tilsettes 600 gr kveitemjøl, og dette eltes raskt saman.
Bre deigen ut i ei bakepapirkledd lita langpanne, og hev i 30 minutt.
Topping;
250 gr smør
250 gr brunt sukker
2 ss kanel
*Smelt smør og sukker i ei gryte, og bland i kanel.
Prikk deigen med fingrane og hell toppingen over.
Steik kaka i ca 25 minutt ved 200 grader i varmluft.
Denne suppa fekk me servert på barselavdelinga då eg fekk mine eldste gutar, og det er nok mange som har eit eller anna forhold til denne suppa.
Eg fekk lyst å koka havresuppe etter å ha funne boka ; MATLÆRE – kokebok for barne- og framhalsskolen (frå 1956) på Fretex.
Havregrynssuppe;
1-1,5 dl havregryn (lettkokte)
1 l vatn
3/4 dl søt saft
sukker etter smak
*Kok vatn og havregryn i ca 10 minutt. Ha saften i suppa når gryna er møre, og suppa er jevn. Ha i sukker.