Viser innlegg med etiketten Kaffikos. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kaffikos. Vis alle innlegg

søndag 17. mars 2013

Cookies med sjokolade og nøtter

001

Denne oppskrifta har eg fått frå ei kusine, som tok den med frå USA. Ypperleg, i og med at den er til 12 cookies, og fort gjort å baka om ein skal ha besøk, eller vil ha med på tur.

Til 12 cookies treng du;

125 gr smør

100 gr sukker

1 egg

140 gr kveitemjøl

1/2 ts bakepulver

1 klype salt

100 gr mørk kokesjokolade, grovhakka

75 gr mandelflak

*Smelt smøret og avkjøl. Bland smør og sukker godt. Tilset egg og rør til ein jamn deig.

Tilset kveitemjøl, bakepulver og salt. Bland sjokolade og mandlar i deigen.

Set omnen på 175 grader. Fordel 12 kaker med skje på bakepapirkledd plate. Steikes midt i omnen i 15 minutt. Avkjøl på rist.

søndag 17. februar 2013

Brun sviger

 009

 

Dette er ei kake som vil gjere suksess uansett kva anledning den vert servert. Nydeleg gjærbakst med seig topping.

Deigen krev berre ei heving, så den er rimeleg kjapp å bake også.

 

 

 

 

007

Oppskrifta er til ei lita langpanne.

3 dl mjølk lunkes og 1 pakke fersk gjær røres ut. Tilset 1 ss sukker, 125 gr mjukt smør og 2 egg. Til slutt tilsettes 600 gr kveitemjøl, og dette eltes raskt saman.

Bre deigen ut i ei bakepapirkledd lita langpanne, og hev i 30 minutt.

Topping;

250 gr smør

250 gr brunt sukker

2 ss kanel

*Smelt smør og sukker i ei gryte, og bland i kanel.

Prikk deigen med fingrane og hell toppingen over.

Steik kaka i ca 25 minutt ved 200 grader i varmluft.

mandag 4. februar 2013

Blåbærmuffins

008

Saftige og gode muffins. Denne oppskrifta gjer 10 store muffins eller ca 16 ordinære.
Sett ovnen på 180 grader.
125 gr smelta smør
2 dl sur mjølk, evt mjølk
1 stort egg
*dette blandast
4 dl kveitemjøl
1,5 dl sukker
2 ts bakepulver
skall av 1/2 sitron
*bland det tørre og ha det så oppi væsken
Rør tilslutt oppi 2 dl blåbær
Steik muffinsane i ca 15 minutt

tirsdag 29. januar 2013

Kalori-Hurra-Kake


003

Ja, det er denne kakas namn!
Mektig og saftig, mest som ei konfektkake.
Du treng;
400 gr smør
4,5 dl vatn
7 strøkne ss kakao
*alt dette kokes opp
*bland alt dette;
9 dl sukker
9 dl kveitemjøl
2 ts natron
1 ts salt
4 egg
3 dl rømme
*Rør så det tørre og det bløte saman til ei jamn røre. Hell røra i ei langpanne kledd med bakepapir. Steik kaka ved 200 grader i 30-40 minutt.
002

Glasuren lages mot slutten av steiketida.
Glasur;
100 gr smør
6 ss mjølk
4 ss kakao
2 ts vaniljesukker
350 gr melis
*Smelt smøret og ha oppi resten.
Straks kaka er ferdigsteikt, prikk kaka tett med gaffel, og hell kremen over kaka medan alt ennå er varmt.
Denne kaka egner seg kjempegodt til frysing.

søndag 13. januar 2013

After-Eight Kake



Denne sjokolade/mandelkaka har ein god smak av after-eight-sjokolade.
Kaka på biletet er midterste delen av ei 3 etasjers byllaupskake.
Sjølv om kaka ikkje er vanskeleg å baka, reknar eg den for ei god selskaps-kake...


4 egg
2 dl sukker
250 gr mandlar
1 dl maizena
3 ss kakao
1/2 ts bakepulver

Fyll:
 7,5 dl kremfløte
50 gr kokesjokolade
200 gr After Eight

Pynt:
100 gr After Eight

*Forbered sjokoladekremen fyrst.
Kok opp 5 dl fløte i ein liten kjele. Ta kjelen av plata og ha i After Eight- og kokesjokoladen. Rør til sjokoladen er smelta. Sett kjelen i kjøleskåp til den er heilt kald ( gjerne over natta ).

*Botnen
Pisk eggedosis av egg og sukker. Mal mandlene og vend i. Sikt i det tørre, og bland forsiktig samen. Hell i ei kakeform, med bakepapir i botnen. Steikes nederst ved 180 grader i ca 35 minutt. Avkjøles heilt i forma. Løsne forsiktig, ta den ut av forma, og del den i 2-3 lag.

*Kremen
Ha sjokoladefløten i ei rørebolle, og bland med resten av fløten. Pisk det opp med mixer til det vert ein stiv sjokoladekrem. Fordel kremen i, og på kaka.

Eg kan ikkje anna sei enn ; NYYYYT!!

Siri

PS! Eg har ikkje sjekka opp, men trur den er glutenfri :)

tirsdag 25. desember 2012

Om mogleg ~ verdas beste sjokoladekake

Her har eg brukt lys kokesjokolade, men bruk mørk kokesjokolade om du vil
ha mørkare kake. Det spelar ingen rolle for smakens skyld.
Ragnhils sjokoladekake

4 egg
3 dl sukker
piskes godt

125 gr margarin smeltes, ta av og ha i 1/2 plate kokesjokolade

3 dl kveitemjøl
3 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker

steikes ved 175-180 i ca 40 minut

Krem ;

kremen kokes medan kaka steikes

2 egg
1 dl fløte
1,5 dl sukker
gje dette eit svakt oppkok og rør i

125 gr smør
1/2 kokesjokolade



la kremen stå i kjøleskap i minst 2 timer medan kakebotnen vert kald.

pisk så til krem blir lys, ca 5 min, del botnen og smør krem inni. Legg på toppen og fordel resten av kremen på kaka.

lørdag 15. desember 2012

Sjokoladekyss

 

I dag har eg bakt 'sjokoladekyss', som er yngstemann sin favoritt.


Om det skulle frista er oppskrifta slik;


4 eggekviter

125 g sukker

75 g melis

75 g sukker

1-2 ss kakao


Pisk kvitene nesten stive. Tilset 125 g sukker gradvis og pisk til det er stivt og blankt. Bland melis med resten av sukkeret og kakaoen og sikt over kvitene. Vend det forsiktig inn.

Ha i sprøytepose og lag små topper.


Steikes ved 100 grader i 1 time.


Siri

søndag 25. november 2012

Fruktkonfekt

 Enklare konfekt enn dette finnes vel ikkje?!
 
Smelt 50 gr kokesjokolade
saman med 1,5 ss fløte
 
*Dypp svisker og aprikoser i sjokoladen og så i kokos. La stivne.
Du får ca 10 av kvar sort.
 
 Eg har pakka dei inn i cellofan, og som du ser på biletet under, har eg lagt dei oppi ein tom blikkboks. Dette er ei enkel vertinnegåve no før jul.
Eit lite juleklistremerke på boksen.
Denne konfekten held seg best kjøleg, ved 10-15 grader. Då opp mot 30-40 dagar.
 
Siri

søndag 13. mai 2012

Harde vafler

Småkaker som var å finna i farmors kakeboksar året rundt. Godt til kaffien, og kos til barna.                                    Oppskrifta kjem her ; 4 egg og 250 gr sukker vispes, 250 gr smelta smør, 250 gr potetmjøl, 1/2 kg kveitemjøl, 1 ss hornsalt, 1 ts natron utrørt i litt vatn.

lørdag 12. mai 2012

Formkake med pecanøtter og lønnesirup

 Dette vart ei saftig og kjempegod formkake, perfekt til kaffikosen!

Her er den servert med jordbær til, men om ein skulle perfeksjonere det ennå meir, så ville eg gjerne hatt ei kule vaniljeis til også...
Oppskrifta er som dette ;

100 gr smør
1 dl brunt sukker
2 egg
2,5 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 dl vaniljesaus

75 gr pecanøtter
2 ss lønnesirup

*Grovhakk pecanøttene og hell over lønnesirupen, og la det liggje og trekke medan du lagar røra.

*Rør smør og sukker kremet, og rør inn eitt og eitt egg.
Tilset vaniljesausen, og bland i kveitemjøl og bakepulver.

*Kle ei brødform med bakepapir. Legg ca halvparten av røra oppi forma og strø over noko av pekanøttene. Bre over resten av røra, og strø over resten av nøttene.

Steik kaka nederst i ovnen på 180 grader i ca 1/2 time. Avkjøl og nyyyyt!

søndag 8. april 2012

Gulrotkake i liten langpanne

Kva med ei saftig og god gulrotkake med mykje krem...?!
I kremen har eg brukt ekte vaniljesukker.

Oppskrifta er som følgende ;

3 dl sukker
2,25 dl matolje, gjerne solsikkeolje
3 egg
3,25 dl kveitemjøl
1,5 ts natron
1,5 ts bakepulver
2 ts kanel
ca 375 gr skrelt og finrevet gulrot

* Visp saman sukker og matolje, og tilset egga. Pisk videre til blandinga vert lys og kremet. Sikt oppi kveitemjøl, natron, bakepulver og kanel, og bland godt. Rør så inn finrevet gulrot.
Hell røra i ei bakepapirkledd, lita langpanne, og steik kaka midt i ovnen ved 175 grader i ca 40 minutt. Avkjøl i forma.

Krem ;

125 gr smør
200 gr philadelfiaost
250 gr melis
1-2 ts vaniljesukker

* Rør smør, melis og vaniljesukker til smørkrem, og rør i osten. Det er lettast å få kremen 'klumpfri' om osten har romtemperatur.
Smør kremen ut over kaka og nyyyyt!!

torsdag 29. mars 2012

Påskesnacks

Marsipan høyrer påska til. Her har eg rulla ei marsipanpølse i brunt sukker og kanel, skåret i tynne skiver, ca 1/2 cm, og steikt dei i varmluft på 200 grader i 5 minutter. Enkel og kvessen kaffikos til påsken!

1 marsipanpølse pensles med eggekvite og rulles i ei blanding av 2 ss brunt sukker, og 1 toppa ts kanel.

Siri

mandag 5. mars 2012

Yoghurtkake


2 pk bringebærgelè kokes etter anvisning på pakken, men eg brukar ca 1 dl mindre vatn. Hell gelèen i forma og la stivne.

2 x 1/3 l fløte piskes med
1 dl sukker
2 stk melonyoghurt has oppi
7 plater gelatin legges i kaldt vatn i ca 5 min
Løys gelatinen opp i 1,5 dl varm lake frå ferskenboks
Bland fløte, yoghurt og gelatin saman med mikser, hell dette over gelèen og la det stå minst 2 timar i kjøleskåpet.
Løysne kaka frå kantane med ein kniv, dypp forma nokre sekund i varmt vatn og hvelv kaka over på fat. Pynt om ynskjeleg.

For andre smakar, varièr med gelè- og yoghurtsmak.

lørdag 3. mars 2012

Deilige lapper

Her har eg teke utgangspunkt i Lapperøra me laga på kjøkkenskulen for 30 år sidan. Det er stort sett denne oppskrifta eg har brukt når eg har steikt lapper...

Originaloppskrifta er som dette;

3 egg
1 kopp sukker
2 koppar surmjølk
3 koppar kveitemjøl
1 ts natron

Steikes på helle eller tørr steikepanne på middels sterk varme.
Vanlegvis doblar eg denne, for det er kjekt å ha nokre lapper i fryseren...

Lappene på biletet her har eg gjort ein vellukka vri på;

6 egg
1 kopp sukker
1 kopp eplemos med bitar
2 ts kanel
1 ts vaniljesukker
4 koppar surmjølk
6 koppar kveitemjøl
2 ts natron

Nydeleg, lun smak av kanel, og lappene smakte som nysteikt dagen etterpå òg...
Server med f.eks bringebærsyltetøy og nyyyt!