tirsdag 20. november 2012

Peppermyntekuler

 Den søte juletid nærmar seg, og då passar det godt å skrive nokre oppskrifter på enkel, men supergod, konfekt.
Her ~ Peppermyntekuler
250 gr melis
1 eggekvite
1 ts vatn
2 dråpar peppermynte

I tillegg treng du smelta sjokolade og kokos.

*Bland saman melis, eggekvite, vatn og peppermynte til ein deig.
Trill små kuler, eller små stenger om du heller ynskjer det. Legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett. La dei få tørke litt.
Smelt sjokolade, og ha kokos i ei skål. Dypp kulene i sjokoladen og så i kokosen, og legg dei på brettet og set dei kaldt. Om du ikkje er så glad i kokos, går det heilt fint å sløyfa den. Dei held seg lengst om dei står kjøleg, men ikkje i kjøleskåpet.
Nyyyt!

Siri

torsdag 25. oktober 2012

Kvit dame



 
Nydeleg marsipankake med makronbotn og jordbærsyltetøy.

Lag sukkerbotn som du finn oppskrift på her.

Makronbotn ;

2 eggekviter
50 gr sukker
100 gr sukker
70 gr hasselnøtter
15 gr kveitemjøl

* Pisk eggekvitene stive med 50 gr sukker. Mal hasselnøttene og bland med 100 gr sukker og kveitemjølet. Bland dette forsiktig inn i eggekvitene og ha deigen i ei rund form med bakepapir i botn. Steik kaka på rist midt i ovnen i ca 1 time ved 100 grader. Avkjøl heilt i forma for den tas forsiktig ut av forma.

ca 200 gr jorbærsyltetøy
7 dl kremfløte

Del sukkerbotnen i 3, og legg det nederste laget på eit fat. Smør eit tynt lag syltetøy på, og legg makronbotnen på. Smør eit nytt lag syltetøy på, og dekk med eit lag kremfløte. Legg på det andre laget sukkerbotn og smør på syltetøy og krem oppå der. Legg det siste laget sukkerbotn på og dekk heile kaka med resten av kremen.
Kjevle ut eit marsipanlokk og legg på, og pynt med valnøtter og anna ønska pynt.

Siri

mandag 22. oktober 2012

Sunne vårrullar

 For å få vårrullane til å passa inn i bloggen her, så kan eg sei at om dei ikkje er søte, så er dei til mine søte små...
Varianten eg har laga her, er utan kjøt. Men det er ingenting i vegen å berre bruka litt kyllingkjøtdeig saman i grønsakblandinga.
Filodeig kjøpar eg i asiatiske butikkar ; dei ligg i frysedisken. Tin pakken i ein liten time, og lag fyllet medan du ventar. Eg brukar finsnitta kinakål, raspa gulerot, hakka purre, samanpiska egg og krydder etter ønskje, f.eks pepper, salt, kvitlauk, nigellafrø...
 
Rull saman pakkane, og legg dei på steikebrett med bakepapir. Når du er ferdig å 'pakka', pensler du rullane med raps- eller solsikkeolje.
Vårrullane steikes midt i ovnen ved 200 grader i ca ein halv time.
Sursøt chilisaus smakar godt til...

Siri

lørdag 7. juli 2012

Nok ei marsipankake

Pynta med marsipanblomar, kandiserte fiolar og kakegèle.

Siri

søndag 13. mai 2012

Harde vafler

Småkaker som var å finna i farmors kakeboksar året rundt. Godt til kaffien, og kos til barna.                                    Oppskrifta kjem her ; 4 egg og 250 gr sukker vispes, 250 gr smelta smør, 250 gr potetmjøl, 1/2 kg kveitemjøl, 1 ss hornsalt, 1 ts natron utrørt i litt vatn.

Til ein konfirmant

Marsipankake pynta til ein trial-køyrande gut.
Kaka er fyllt med banan, heimelaga karamellsaus og fløyte.
Som vanleg dynka eg med sprite, for friskhetens skyld.
'Hjulsporet' er laga av eit firkanta 'stempel' dyppa i kakaopulver.


Siri

lørdag 12. mai 2012

Formkake med pecanøtter og lønnesirup

 Dette vart ei saftig og kjempegod formkake, perfekt til kaffikosen!

Her er den servert med jordbær til, men om ein skulle perfeksjonere det ennå meir, så ville eg gjerne hatt ei kule vaniljeis til også...
Oppskrifta er som dette ;

100 gr smør
1 dl brunt sukker
2 egg
2,5 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 dl vaniljesaus

75 gr pecanøtter
2 ss lønnesirup

*Grovhakk pecanøttene og hell over lønnesirupen, og la det liggje og trekke medan du lagar røra.

*Rør smør og sukker kremet, og rør inn eitt og eitt egg.
Tilset vaniljesausen, og bland i kveitemjøl og bakepulver.

*Kle ei brødform med bakepapir. Legg ca halvparten av røra oppi forma og strø over noko av pekanøttene. Bre over resten av røra, og strø over resten av nøttene.

Steik kaka nederst i ovnen på 180 grader i ca 1/2 time. Avkjøl og nyyyyt!