søndag 8. april 2012

Gulrotkake i liten langpanne

Kva med ei saftig og god gulrotkake med mykje krem...?!
I kremen har eg brukt ekte vaniljesukker.

Oppskrifta er som følgende ;

3 dl sukker
2,25 dl matolje, gjerne solsikkeolje
3 egg
3,25 dl kveitemjøl
1,5 ts natron
1,5 ts bakepulver
2 ts kanel
ca 375 gr skrelt og finrevet gulrot

* Visp saman sukker og matolje, og tilset egga. Pisk videre til blandinga vert lys og kremet. Sikt oppi kveitemjøl, natron, bakepulver og kanel, og bland godt. Rør så inn finrevet gulrot.
Hell røra i ei bakepapirkledd, lita langpanne, og steik kaka midt i ovnen ved 175 grader i ca 40 minutt. Avkjøl i forma.

Krem ;

125 gr smør
200 gr philadelfiaost
250 gr melis
1-2 ts vaniljesukker

* Rør smør, melis og vaniljesukker til smørkrem, og rør i osten. Det er lettast å få kremen 'klumpfri' om osten har romtemperatur.
Smør kremen ut over kaka og nyyyyt!!

lørdag 31. mars 2012

Marsipankake dynka med sprite, fyllt med aprikossyltetøy, vaniljekrem og valnøtter.

torsdag 29. mars 2012

Påskesnacks

Marsipan høyrer påska til. Her har eg rulla ei marsipanpølse i brunt sukker og kanel, skåret i tynne skiver, ca 1/2 cm, og steikt dei i varmluft på 200 grader i 5 minutter. Enkel og kvessen kaffikos til påsken!

1 marsipanpølse pensles med eggekvite og rulles i ei blanding av 2 ss brunt sukker, og 1 toppa ts kanel.

Siri

mandag 5. mars 2012

Yoghurtkake


2 pk bringebærgelè kokes etter anvisning på pakken, men eg brukar ca 1 dl mindre vatn. Hell gelèen i forma og la stivne.

2 x 1/3 l fløte piskes med
1 dl sukker
2 stk melonyoghurt has oppi
7 plater gelatin legges i kaldt vatn i ca 5 min
Løys gelatinen opp i 1,5 dl varm lake frå ferskenboks
Bland fløte, yoghurt og gelatin saman med mikser, hell dette over gelèen og la det stå minst 2 timar i kjøleskåpet.
Løysne kaka frå kantane med ein kniv, dypp forma nokre sekund i varmt vatn og hvelv kaka over på fat. Pynt om ynskjeleg.

For andre smakar, varièr med gelè- og yoghurtsmak.

lørdag 3. mars 2012

Deilige lapper

Her har eg teke utgangspunkt i Lapperøra me laga på kjøkkenskulen for 30 år sidan. Det er stort sett denne oppskrifta eg har brukt når eg har steikt lapper...

Originaloppskrifta er som dette;

3 egg
1 kopp sukker
2 koppar surmjølk
3 koppar kveitemjøl
1 ts natron

Steikes på helle eller tørr steikepanne på middels sterk varme.
Vanlegvis doblar eg denne, for det er kjekt å ha nokre lapper i fryseren...

Lappene på biletet her har eg gjort ein vellukka vri på;

6 egg
1 kopp sukker
1 kopp eplemos med bitar
2 ts kanel
1 ts vaniljesukker
4 koppar surmjølk
6 koppar kveitemjøl
2 ts natron

Nydeleg, lun smak av kanel, og lappene smakte som nysteikt dagen etterpå òg...
Server med f.eks bringebærsyltetøy og nyyyt!

søndag 26. februar 2012

Vårleg marsipankake

 *Del sukkerbotn i 2, dynk med nokre ss Sprite og smør raust på med bringebærsyltetøy.
* Fyll videre med vaniljekrem iblanda litt kremfløte.
 *Legg på ferdigdynka topp, og smør med kremfløte.
Kremfløten piskar eg saman med litt melis..
*Kjevle ut eit marsipanlokk, og pynt etter ønskje.

lørdag 25. februar 2012

Sukkerbotn

 Her er oppskrift på sukkerbotn til ei 26 cm form;

6 egg
180 gr sukker
120 gr kveitemjøl
30 gr potetmjøl
1/2 ts bakepulver

Visp egg og sukker til ein stiv eggedosis, ca 15 minutt.
Bland det tørre, og sikt i. Vend forsiktig og bland i eggedosisen.
Steikes nederst i omnen ved 160 grader i ca 40-45 minutt.