søndag 13. januar 2013

After-Eight Kake



Denne sjokolade/mandelkaka har ein god smak av after-eight-sjokolade.
Kaka på biletet er midterste delen av ei 3 etasjers byllaupskake.
Sjølv om kaka ikkje er vanskeleg å baka, reknar eg den for ei god selskaps-kake...


4 egg
2 dl sukker
250 gr mandlar
1 dl maizena
3 ss kakao
1/2 ts bakepulver

Fyll:
 7,5 dl kremfløte
50 gr kokesjokolade
200 gr After Eight

Pynt:
100 gr After Eight

*Forbered sjokoladekremen fyrst.
Kok opp 5 dl fløte i ein liten kjele. Ta kjelen av plata og ha i After Eight- og kokesjokoladen. Rør til sjokoladen er smelta. Sett kjelen i kjøleskåp til den er heilt kald ( gjerne over natta ).

*Botnen
Pisk eggedosis av egg og sukker. Mal mandlene og vend i. Sikt i det tørre, og bland forsiktig samen. Hell i ei kakeform, med bakepapir i botnen. Steikes nederst ved 180 grader i ca 35 minutt. Avkjøles heilt i forma. Løsne forsiktig, ta den ut av forma, og del den i 2-3 lag.

*Kremen
Ha sjokoladefløten i ei rørebolle, og bland med resten av fløten. Pisk det opp med mixer til det vert ein stiv sjokoladekrem. Fordel kremen i, og på kaka.

Eg kan ikkje anna sei enn ; NYYYYT!!

Siri

PS! Eg har ikkje sjekka opp, men trur den er glutenfri :)

1 kommentar:

  1. Gurimalla! Nå fekk eg lyst på kaka!!! Denne må absolutt prøvast ved ein passende anledning.

    SvarSlett