fredag 25. januar 2013

Laurdagsboller


Desse bollene er aller best same dagen dei er bakt. Og har du eit par ungar i huset, så forsvinn dei rimeleg fort òg..
Det er 009lite sukker i oppskrifta, og bollene er godt egna til påsmurt.
Mor mi bakte desse bollene ofte då eg var liten, og eg tok med meg oppskrifta då eg flytta heimanfrå.
Til ca 16 boller treng du ;
120 gr smør
1/2 l mjølk
1/2 pk gjær
4ss sukker
1 ts salt
1-2 ts kardemomme
1 egg
800 gr kveitemjøl
*Smelt smøret, tilset mjølka og lunka blandinga, og rør ut gjæren.
*Bland resten, og hell mjølkeblandinga i, og kna. Hev deigen til dobbel størrelse.
*Bak ut ca 16 boller og etterhev ca 30 minutt.
*Steikes ved 250 grader i 12 minutt. Har du varmluft så senker du varmen til rundt 225 grader, og steiker i 10-12 minutt. For å få bollene blanke, penslar du med eit samanpiska egg før du set dei i steikeovnen.

4 kommentarer:

  1. Nam, de ser veldig gode ut, må prøve dem imorgen, takk for at du deler oppskrift og ha en flott lørdagskveld hos dere!

    SvarSlett
  2. De så veldig gode ut.
    Det er ikke noe som smaker bedre enn nybakte boller.

    SvarSlett
  3. Bollene ser kjempe nydelig ut.

    SvarSlett
  4. Så gode de bollene ser ut :-)

    SvarSlett