søndag 25. november 2012

Fruktkonfekt

 Enklare konfekt enn dette finnes vel ikkje?!
 
Smelt 50 gr kokesjokolade
saman med 1,5 ss fløte
 
*Dypp svisker og aprikoser i sjokoladen og så i kokos. La stivne.
Du får ca 10 av kvar sort.
 
 Eg har pakka dei inn i cellofan, og som du ser på biletet under, har eg lagt dei oppi ein tom blikkboks. Dette er ei enkel vertinnegåve no før jul.
Eit lite juleklistremerke på boksen.
Denne konfekten held seg best kjøleg, ved 10-15 grader. Då opp mot 30-40 dagar.
 
Siri

fredag 23. november 2012

Snickers-kaker




 Desse konfektane er 'farleg' gode. Og oppskrifta er stor nok til å kunne dele med seg òg ;)
Det er nokon her i huset som skulle ynskje at eg laga dei ellers i året, så no er eg sikker på at det vert glede i heimen.
Om dei ikkje forsvinn med ei gong, så er dei veldig haldbare.

Oppskrifta er som følger ;

2 ,4 dl lys sirup
2 ,4 dl sukker
-kokes opp

2 ,4 dl peanøttsmør røres i (1 glas)

ca 12 dl cornflakes has i til slut.

Dei settes i små konfektformer.
3 plater lys kokesjokolade smeltes og has oppå.
Sett dei kaldt.

Siri

onsdag 21. november 2012

Gamaldagse kokosmakronar

 Desse kokosmakronane er ein sikker vinnar om du likar kokos. Dei er seige og gode, og i tillegg er dei glutenfrie.. Litt arbeid, men garantert verdt det!
Oppskrifta kjem her ;

4 eggekviter
2 dl sukker
4 dl kokosmasse

Eggekvitene stivpiskes, sukkeret tilsettes og piskes ei stund til. Bland i kokosen. Ha alt i ei kasserolle, som settes over middels varme. Rør i massen til den er samanhengande og seig.
Sett kakene med 2 teskeier på bakepapirkledd steikeplate, og steik kakene gyldne. Du får ca 50 kaker.
Steikes ved 180 grader i 10-15 minut.

Siri

tirsdag 20. november 2012

Peppermyntekuler

 Den søte juletid nærmar seg, og då passar det godt å skrive nokre oppskrifter på enkel, men supergod, konfekt.
Her ~ Peppermyntekuler
250 gr melis
1 eggekvite
1 ts vatn
2 dråpar peppermynte

I tillegg treng du smelta sjokolade og kokos.

*Bland saman melis, eggekvite, vatn og peppermynte til ein deig.
Trill små kuler, eller små stenger om du heller ynskjer det. Legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett. La dei få tørke litt.
Smelt sjokolade, og ha kokos i ei skål. Dypp kulene i sjokoladen og så i kokosen, og legg dei på brettet og set dei kaldt. Om du ikkje er så glad i kokos, går det heilt fint å sløyfa den. Dei held seg lengst om dei står kjøleg, men ikkje i kjøleskåpet.
Nyyyt!

Siri

torsdag 25. oktober 2012

Kvit dame



 
Nydeleg marsipankake med makronbotn og jordbærsyltetøy.

Lag sukkerbotn som du finn oppskrift på her.

Makronbotn ;

2 eggekviter
50 gr sukker
100 gr sukker
70 gr hasselnøtter
15 gr kveitemjøl

* Pisk eggekvitene stive med 50 gr sukker. Mal hasselnøttene og bland med 100 gr sukker og kveitemjølet. Bland dette forsiktig inn i eggekvitene og ha deigen i ei rund form med bakepapir i botn. Steik kaka på rist midt i ovnen i ca 1 time ved 100 grader. Avkjøl heilt i forma for den tas forsiktig ut av forma.

ca 200 gr jorbærsyltetøy
7 dl kremfløte

Del sukkerbotnen i 3, og legg det nederste laget på eit fat. Smør eit tynt lag syltetøy på, og legg makronbotnen på. Smør eit nytt lag syltetøy på, og dekk med eit lag kremfløte. Legg på det andre laget sukkerbotn og smør på syltetøy og krem oppå der. Legg det siste laget sukkerbotn på og dekk heile kaka med resten av kremen.
Kjevle ut eit marsipanlokk og legg på, og pynt med valnøtter og anna ønska pynt.

Siri

mandag 22. oktober 2012

Sunne vårrullar

 For å få vårrullane til å passa inn i bloggen her, så kan eg sei at om dei ikkje er søte, så er dei til mine søte små...
Varianten eg har laga her, er utan kjøt. Men det er ingenting i vegen å berre bruka litt kyllingkjøtdeig saman i grønsakblandinga.
Filodeig kjøpar eg i asiatiske butikkar ; dei ligg i frysedisken. Tin pakken i ein liten time, og lag fyllet medan du ventar. Eg brukar finsnitta kinakål, raspa gulerot, hakka purre, samanpiska egg og krydder etter ønskje, f.eks pepper, salt, kvitlauk, nigellafrø...
 
Rull saman pakkane, og legg dei på steikebrett med bakepapir. Når du er ferdig å 'pakka', pensler du rullane med raps- eller solsikkeolje.
Vårrullane steikes midt i ovnen ved 200 grader i ca ein halv time.
Sursøt chilisaus smakar godt til...

Siri

lørdag 7. juli 2012

Nok ei marsipankake

Pynta med marsipanblomar, kandiserte fiolar og kakegèle.

Siri