søndag 13. januar 2013

After-Eight Kake



Denne sjokolade/mandelkaka har ein god smak av after-eight-sjokolade.
Kaka på biletet er midterste delen av ei 3 etasjers byllaupskake.
Sjølv om kaka ikkje er vanskeleg å baka, reknar eg den for ei god selskaps-kake...


4 egg
2 dl sukker
250 gr mandlar
1 dl maizena
3 ss kakao
1/2 ts bakepulver

Fyll:
 7,5 dl kremfløte
50 gr kokesjokolade
200 gr After Eight

Pynt:
100 gr After Eight

*Forbered sjokoladekremen fyrst.
Kok opp 5 dl fløte i ein liten kjele. Ta kjelen av plata og ha i After Eight- og kokesjokoladen. Rør til sjokoladen er smelta. Sett kjelen i kjøleskåp til den er heilt kald ( gjerne over natta ).

*Botnen
Pisk eggedosis av egg og sukker. Mal mandlene og vend i. Sikt i det tørre, og bland forsiktig samen. Hell i ei kakeform, med bakepapir i botnen. Steikes nederst ved 180 grader i ca 35 minutt. Avkjøles heilt i forma. Løsne forsiktig, ta den ut av forma, og del den i 2-3 lag.

*Kremen
Ha sjokoladefløten i ei rørebolle, og bland med resten av fløten. Pisk det opp med mixer til det vert ein stiv sjokoladekrem. Fordel kremen i, og på kaka.

Eg kan ikkje anna sei enn ; NYYYYT!!

Siri

PS! Eg har ikkje sjekka opp, men trur den er glutenfri :)

tirsdag 25. desember 2012

Om mogleg ~ verdas beste sjokoladekake

Her har eg brukt lys kokesjokolade, men bruk mørk kokesjokolade om du vil
ha mørkare kake. Det spelar ingen rolle for smakens skyld.
Ragnhils sjokoladekake

4 egg
3 dl sukker
piskes godt

125 gr margarin smeltes, ta av og ha i 1/2 plate kokesjokolade

3 dl kveitemjøl
3 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker

steikes ved 175-180 i ca 40 minut

Krem ;

kremen kokes medan kaka steikes

2 egg
1 dl fløte
1,5 dl sukker
gje dette eit svakt oppkok og rør i

125 gr smør
1/2 kokesjokolade



la kremen stå i kjøleskap i minst 2 timer medan kakebotnen vert kald.

pisk så til krem blir lys, ca 5 min, del botnen og smør krem inni. Legg på toppen og fordel resten av kremen på kaka.

lørdag 15. desember 2012

Sjokoladekyss

 

I dag har eg bakt 'sjokoladekyss', som er yngstemann sin favoritt.


Om det skulle frista er oppskrifta slik;


4 eggekviter

125 g sukker

75 g melis

75 g sukker

1-2 ss kakao


Pisk kvitene nesten stive. Tilset 125 g sukker gradvis og pisk til det er stivt og blankt. Bland melis med resten av sukkeret og kakaoen og sikt over kvitene. Vend det forsiktig inn.

Ha i sprøytepose og lag små topper.


Steikes ved 100 grader i 1 time.


Siri

søndag 2. desember 2012

Snøkvit dame med syndig kjerne

Ei vinterleg og 'vaksen' kake.

Lag sukkerbotn.

Makronbotn lages slik ;

2 eggekviter stivpiskes med 50 gr sukker
Bland saman 70 gr malte hasselnøter, 100 gr sukker og 15 gr kveitemjøl.
Dette vendes saman med marengsblandinga.
Ha det så ei rund form med bakepapirkledd botn.
Steikes på midterste rille ved 100 grader i 1 time.
Avkjøl heilt i forma før du forsiktig fjerner bakepapiret.

Du treng òg bringebærsyltetøy, fløte og romkrem.

Kaken monteres slik ;
Del sukkerbotn i 3 lag ( dette er lettast om botnen er frossen ).
Legg eit lag sukkerbotn på eit fat. Smør eit tynt lag bringebærsyltetøy på. Legg så makronbotnen på. Smør tynt lag bringebærsyltetøy på.  Dekk med eit lag fløte- romkrem. Legg eit lag sukkerbotn på og ha på bringebærsylt og romkrem. Legg toppen av sukkerbotn på og dekk kaken med pisket fløte.
Eit lokk marsipan og ynskja pynt på.

Når eg lagar romkremblandinga, har eg ferdigkjøpt Piano Romkrem saman med piska fløte for å mildna romsmaken litt, men ynskjer du meir romsmak treng du ikkje gjer dette.

søndag 25. november 2012

Fruktkonfekt

 Enklare konfekt enn dette finnes vel ikkje?!
 
Smelt 50 gr kokesjokolade
saman med 1,5 ss fløte
 
*Dypp svisker og aprikoser i sjokoladen og så i kokos. La stivne.
Du får ca 10 av kvar sort.
 
 Eg har pakka dei inn i cellofan, og som du ser på biletet under, har eg lagt dei oppi ein tom blikkboks. Dette er ei enkel vertinnegåve no før jul.
Eit lite juleklistremerke på boksen.
Denne konfekten held seg best kjøleg, ved 10-15 grader. Då opp mot 30-40 dagar.
 
Siri

fredag 23. november 2012

Snickers-kaker




 Desse konfektane er 'farleg' gode. Og oppskrifta er stor nok til å kunne dele med seg òg ;)
Det er nokon her i huset som skulle ynskje at eg laga dei ellers i året, så no er eg sikker på at det vert glede i heimen.
Om dei ikkje forsvinn med ei gong, så er dei veldig haldbare.

Oppskrifta er som følger ;

2 ,4 dl lys sirup
2 ,4 dl sukker
-kokes opp

2 ,4 dl peanøttsmør røres i (1 glas)

ca 12 dl cornflakes has i til slut.

Dei settes i små konfektformer.
3 plater lys kokesjokolade smeltes og has oppå.
Sett dei kaldt.

Siri

onsdag 21. november 2012

Gamaldagse kokosmakronar

 Desse kokosmakronane er ein sikker vinnar om du likar kokos. Dei er seige og gode, og i tillegg er dei glutenfrie.. Litt arbeid, men garantert verdt det!
Oppskrifta kjem her ;

4 eggekviter
2 dl sukker
4 dl kokosmasse

Eggekvitene stivpiskes, sukkeret tilsettes og piskes ei stund til. Bland i kokosen. Ha alt i ei kasserolle, som settes over middels varme. Rør i massen til den er samanhengande og seig.
Sett kakene med 2 teskeier på bakepapirkledd steikeplate, og steik kakene gyldne. Du får ca 50 kaker.
Steikes ved 180 grader i 10-15 minut.

Siri